Wednesday, March 24, 2021

Ein ny vår

Ein ny vår 



Vinteren med planlegging av kjøkkenhagen og innkjøp av frø og utstyr er over. Tidleg sådd veks så det knaker under vekstlys, i vindauget og i drivhuset. Ute er grønsaksbeda framleis ganske bare. Berre nokre kvitlauksspirer og bondebønner i eit svart hav av kommunal kompost. Ja, og så lauv da som eg henta gatelangs og la oppå beda i haust og vinter.  Nokre av beda har blitt nye i løpet av vinteren, men dei fleste har kun fått eit lag med kompost på toppen. 

Det startar med god jord

Eg har prøvd å dyrke konvensjonelt, men eg ha kome fram til at eg vil dyrke gravefritt. Det er ikkje heilt problemfritt å prøve å forstyrre jorda så lite som mogleg, men det er det eg vil. Jord med mykje mikroliv som hell på fuktigheita og som er lett å så og plante i, det er målet.  

Då eg bygde grønsaksbed og fylte dei, så brukte eg lasagnemetoden fordi eg ikkje hadde så mykje kompost, men ville ha mange bed. Neste året fylte eg ei grøft i midten og fylte opp med halvferdig kompost og la ferdig kompost på toppen. Det tredje året la eg kun ferdig kompost på toppen.

Sjølv om eg har kompostbinger, så vil eg la nokre bed få vere kompostbed som eg vil tømme over i nye bed etter eit år eller to og fylle på nytt etter lasagnemetoden.

Eg har lyst å blir sjøvforsynt med nokre grønsaker etter kvart, men eg har også lyst å bli sjølvforsynt med jord. Til eg kjem dit, så sper eg på den komposten eg kjøper med så mykje hageavfall, eigen kompost (halvferdig og ferdig) og hagejord frå eigen hage. Ingen hageavfall går ut av hagen, men går i komposten eller kompostbed. Ugras er ein ressurs i staden for søppel og gras er jorddekke og kompostfyll.

 Dyrk sjølv

Viss du vil prøve deg på å dyrke grønsaker sjølv, så vil eg seie til deg: 
- Så flott! Prøv deg på noko der du lett kan sjå resultatet. Då eg byrja å dyrke fekk eg høyre at gulrøtter, salat og reddiker er det lettaste du kan dyrke. Ha! Det er snaddermat for sneglene, det! Å så rett i jorda er lett og den raskaste måten å dyrke på, men ikkje å anbefale for dei med snegler. Så i beger (yoghurtbeger eller kjøpte potter gir ingen forskjell i resultatet, velg sjølv) og sett i jord/bed/potter når det har blitt ei lita plante. Viss første forsøket feiler heilt, så lær av det og prøv på nytt! Lykke til!

Ein ny vår

Ein ny vår  Vinteren med planlegging av kjøkkenhagen og innkjøp av frø og utstyr er over. Tidleg sådd veks så det knaker under vekstlys, i v...